Gratis Nyhetsbrev

Gode råd til trygg kortbruk

1. Hald PIN-koden hemmeleg
Lær deg PIN-koden utenat. Noter aldri koden på papir, heller ikkje kamuflert. Opplys aldri koden til andre og ikkje la nokon få innsyn når du tastar koden (hald handa over).

2. Mista/ståle kort
Om du misser eller blir fråstålet kortet, få det sperra umiddelbart. Ring banken din eller kortutsteder.

3. Kontrollèr beløp Når du nyttar kort til kontantuttak, varekjøp, på restaurant eller i drosje, kontroller alltid beløpet (på kvitteringa) før du trykkjer "klar" eller signerer. Nyttar du kredittkort har du ein ekstra sikkerheit, for du får tilsendt spesifisert faktura der du kan sjekke at beløpa stemmer.

4. Hald oppsyn med kortet
Lever aldri frå deg kortet utan at du ser det heile tiden (f. eks. i baren). Om kelneren på en restaurant må ta det med seg kortet for å få belastet regningen, bør du be om å få bli med. Husk alltid å kontrollere kvitteringa før du signerer.

5. Ta godt vare på kortet - fysisk

  • Oppbevar alltid kortet i lommebok eller korthaldar og atskilt fra mobiltelefonen
  • Unngå å leggje kortet på elektriske apparat som TV, radio eller høgtalarar
  • Ikkje utsett kortet for sterk sol

6. Reis alltid med to kort
Når du reiser med to kort har du tilgong til penger sjølv om eit av korta blir øydelagt, misa eller stålnet. Oppbevar aldri dei to korta saman.

7. Sjekk saldo og utløpsdato før du reiser utanlands
I utanlandske bankar får du ikkje saldoopplysningar om din norske bankkonto. Noter deg kor mykje du brukar undervegs, så har du heile tida kontroll. Kontroller også kortets utløpsdato før du reiser, for å sikre at du kan bruke kortet ditt på hele turen.

8. Små minibankuttak
Når du er på reise, anbefalar vi at du gjer fleire små minibankuttak heller enn få store. Dette for at du ikkje skal utsette deg for unødig risiko når du tek ut pengar, og for at du skal unngå å gå rundt med store kontantbeløp.

9. Svindel
Kortsvindlarar blir stadig meir utspekulerte, det gjeld dermed å passe godt på. Fleire bankar har dei siste åra vore utsett for forsøk på minibank-svindel:
"Skimming" inneber at svindlarar festar ein såkalla skimmer (ekstra deksel) føre kortåpninga på minibanken. Skimmeren leesr av og kopierer informasjonen i magnetstripa på kort. Svindlarane får tak i kunden sin PIN-kode ved å montere et lite videokamera over tastaturet, ved å kikke over kunden si skulder eller ved å ha et slags pulver på tastane som viser kva tastar kunden har trykt på. Sjølv på litt avstand kan eit trena blikk sjå korleis kunden bevegar handa når koden tastast inn.
Sjå nøye etter - Det er nemleg mogleg å sjå om nokon har fiklet med minibanken. Utsjånadent er forandret, gjerne med falskt deksel.
"Libanesisk slynge" inneber at svindlarar fiksar på minibanken slik at kort blir sittjande fast og tilsynelatende blir slukt av maskina. Ofte kjem ein "hjelpsam" person bort til den fortvila kunden og ber vedkommande taste koden på nytt. Kunden prøvar dette (mens den hjelpsomme står rett bak og ser inntastinga), men kortet sit framleis fast. Kunden gir opp og går sin veg, og når kysten er klar, fiskar svindlaen ut kortet og tar ut penga på vanleg måte, men frå kunden sitt kort.